Hopp til innhaldet

Ei badstove i sjøkanten

Tysnes Fyrstove ligg på badebryggja midt i hamna. Avstanden til sjøen er berre 60 centimeter.

Badstova har plass til 8 til 10 personar og er inspirert av dei gamle kystlyktene langs leia. Ho er open for alle, kvar dag frå 08 til 22, og du bookar time på nett. Ved sidan av ligg stupetårnet, for eit friskt bad mellom øktene.

Om vinterhalvåret møtest Tysnes Vinterbading i hamna til laurdagssamlingar, frå oktober til påske. Alle er velkomne.