Hopp til innhaldet
Gjestehamna i Våge med bryggjer og båtar i blank sjø

Gjestehamn · Våge · Tysnes

Ein triveleg stoppestad på reisa

Kring 150 båtplassar midt i Våge sentrum, med straum og vatn inkludert. Butikkar, restaurant og badstove i gangavstand frå bryggja.

BåtplassarKring 150
Straum og vatnInkludert
SesongHeile året
N 60°02.7′ E 005°31.4′Kring 150 båtplassarOpe heile åretPussa opp 2019

Slapp av og nyt eit opphald på Tysnes. Hamna ligg midt i Våge sentrum, og i hamna finn du Flytenaustet med isbar, leikeplass, restauranten Mandelhuset, Galleri Elisabeth G, el-forhandlar og frisør. Ferja frå Halhjem legg til i Våge, om lag 35 minutt frå Bergen-sida.

Bunkersanlegg med diesel og bensin med kortautomat finn du innerst i hamna, på Spar-brygga. Like ved ligg kjøpesenteret Våge Senter med Vinmonopol, apotek, klesbutikk, matvarebutikk, interiør- og blomsterbutikk, treningssenter og frisør.

Hamneleige per døgn

Båt opp til 30 fot200 kr per døgn
Båt 30–42 fot250 kr per døgn
Båt over 42 fot350 kr per døgn
Yrkesbåt550 kr per døgn
Bobil / campingvogn200 kr per døgn

Straum og vatn er inkludert i prisen. Betal med Vipps eller kort, til naud på Mandelhuset eller i Flytenaustet.

I hamna

Servicebygg

Dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel.

Badstove i sjøkanten

Tysnes Fyrstove, badstove for 8 til 10 personar, med stupetårn på badebryggja.

Flytenaustet

Isbar og kiosk midt i hamna, og turistinformasjon.

Mandelhuset

Restaurant i historisk handelshus frå 1923, rett ved kaien.

Bunkersanlegg

Diesel og bensin med kortautomat på Spar-brygga, innerst i hamna.

For borna

Leikeplass i hamna og badebrygge med stupetårn.

Direktebilete over hamna, oppdaterer seg kvart minutt.